Retningslinjer

Fjordbu Sauna er eit sjølvbetent tilbod. Vi set stor pris på at de følgjer retningslinjene.

All bading og bruk av badstua skjer på eige ansvar.

  • Begrensa skifterom – vi anbefaler å kome ferdig skifta.
  • Toalett – vi har ikkje toalett i badstua, men det er toalett i kaihuset.
  • Bad aldri åleine – ha alltid med deg ein badebuddy.
  • Kun ferskvatn på omnen – dette er viktig for å unngå skade på omnen.
  • Handkle – ta med to handkle, bruk det eine til å sitte på inne i badstua.
  • Såpe/sjampo – ikkje tillate i dusjen, då vatnet går rett i fjorden.
  • Alkohol – ved booking er det lov med maks 2 einingar per person. Unngå drikke som set farge på treverket.
  • Snacks – ta gjerne med, men ikkje et inne i badstua av hygieniske grunnar.
  • Søppel – søppeldunkane står på kaia. Alle må rydde etter seg og ta med søppel ut.